Irina Burchard Erdvik forsvarer sitt doktorgradsarbeid ved Norges idrettshøgskole 4. september 2020, kl 12:15.
Tittelen på avhandlingen er Physical Education as a development asset in the everyday life of adolescents.
I undersøkinga si har ho spurt om lag 3.000 unge i ungdoms- og vidaregåande skule om sjølvkjensla deira, om idrettsdeltaking på fritida, om korleis dei opplever kroppsøvinga og om kjensla av sjølvbestemming, meistring og tilhøyring i faget.
Ho har mellom anna funne at kroppsøvings-timane oftast er lagt opp med mykje idrett, etter ein «idrettslogikk» som mest gagnar dei idrettsaktive. Opplæringslova seier ikkje noko om at idrett er viktig.
Forslaget hennar til løysning vil få følgjer for alt frå dei som lagar lærarutdanninga via fagfolk og lærarar og heilt ut til elevane.
Bedømmelseskomiteen består av Susanna Hedenborg (leiar) – professor i idrettsvitenskap ved NIH; Alex C. Garn – professor i Kinesiologi, Louisiana State University; og Tor Söderström – professor i pedagogikk, Umea Universitet, Department of Education.
Vegleiarar: Reidar Säfvenbom (hovedvegleiar) – professor ved Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier på NIH; Tommy Haugen – førsteamanuensis ved Insitutt for idrettsvitenskap og kroppsøving ved Universitetet i Agder; og Kjersti Mordal Moen – professor ved Fakultet for helse og sosialvitenskap ved Høgskolen i Innlandet.