Gudmund Skjeldal er idéhistorikar og stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap på NIH. 22. juni forsvarer han doktorgraden sin om amatøridrettens historie i Norge, kalla “Kjærlighed”, “Sportsgribbe” og “Cirkusartister”: Amatørførestillingar i norsk idrettsoffentlegheit 1866-1907 (pdf), på NIH.
Var det britiske sportsførestillingar, eller kunsttradisjonen alt som var etablert i landet? Kva trugsmål såg bladredaktørane vel så mykje i sirkuset som i proff-tilveret? Dette er berre nokre av spørsmåla Gudmund Skjeldal gjev svar på i doktorgrada si.
Frå samandraget og føreordet:
Seinhausten 1907 blei fire norske kjende skiløparar fråtekne amatørverdigheita si av «Norsk idrætsblad». Dei hadde takka ja til å bli med i eit revynummer i Hippodromen i London, der dei skulle hoppa på ski, innandørs. Ei lang linje av åtvaring mot akrobatikk og sirkus i norsk idrettsoffentlegheit sidan 1860-åra nådde eit slags klimaks.
I denne avhandlinga gjev eg ei idéhistorisk framstilling av kva amatørførestillingar som fanst i norsk idrettsoffentlegheit, og korleis dei utvikla seg, i åra 1866-1907.
Utviklinga, eller avviklinga, kan forklarast på fleire måtar. Profesjonalisering er éin mogleg fellesnemnar. Truleg er den dynamikken som dei internasjonale idrettsamatørdefinisjonane fekk, éin forklaringsfaktor. For samanslutningar som Den internasjonale olympiske komité (IOK) blei det stadig vanskelegare å formulera kva ein ekte amatør var, og korleis ein skulle møta stadig nye utfordringar og problemstillingar.
For den som vil forstå kvifor folk dreiv med idrett før, og kva plass amatørførestillingar hadde i aktiviteten deira, er denne forståinga av ordet i samtida uansett eit mogleg hinder. Ein ryggar inn i fortida med fordommen om at amatørskap er noko avleggs, og at amatørskap berre handla om stivbeinte reglar og om tvangsmessige pengeforbod. Dei som levde for idretten før, skulle ikkje berre stogga breiare samkvem i samfunnet, og imponerande prestasjonar. Dei kan ha hatt sine gode grunnar, til og med.
Erkjenninga blir til slutt nesten den motsette: Det er sporten vår som påfallande. Vanane og tankane våre blir i det heile, om ikkje kritikkverdige, så i alle fall mykje meir vilkårlege. Alt kan endra seg – også no-tida.
Vona mi er at denne idéhistoria skal fenga lesaren til å tenkja på den same måten.
-
- LES meir om prosjektet: Amatøridrettens historie i Norge
Komite
-
- Professor Susanna Hedenborg, Malmö universitet
- Professor Sverker Sörlin, Kungliga Tekniska högskolan (KTH Royal Institute of Technology), Stockholm – 1.-opponent
- Professor Helge Jordheim, Universitetet i Oslo (UiO) – 2.-opponent
Vegleiarar
-
- Professor Matti Goksøyr, Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, NIH
- Professor Sigmund Loland, Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, NIH
Program