Ingfrid Mattingsdal Thorjussen forsvarer sitt doktorgradsarbeid ved Norges idrettshøgskole 9. desember 2020, kl 07:30.
Tittelen på avhandlingen er Physical education, diversity and inclusion: Students’ narratives of inclusion and exclusion from an intersectional perspective.
Gjennom feltarbeid i ein fleirkulturell skulekontekst og djupneintervju av ungdom i 8. til 10. klasse har Thorjussen undersøkt kva som ligg bak elevane sine erfaringar av inkludering og ekskludering i kroppsøvingsfaget.
Ho har funne fram til ei rekke avgjerande faktorar som det mest av alt er opp til læraren i ta tak i for å skape meir inkluderande undervising i møte med mangfaldige grupper. Det handlar om anerkjenne skilnadar som noko positivt, men òg å ta dei på alvor og vere merksam på situasjonar som kan bli vanskelege. Faget er ikkje friteke frå korkje kjønnsdiskriminering, rasisme eller sosial ekskludering.
Gjennom ungdommane sine eigne skildringar slår ho fast at kroppsøvingslærarane har ein svært krevjande jobb, men at det er fullt mogleg å få til kroppsøvingstimar der alle føler at dei er med.
Bedømmelseskomiteen består av Professor Kirsti P. Gurholt (leiar), NIH; Professor Håkan Larsson, Gymnastik- og idrottshögskolan/The Swedish School of Sport and Health Sciences, Stockholm (GIH); og Associate professor Katie Fitzpatrick, University of Auckland, New Zealand.
Vegleiarar: Professor Mari Kristin Sisjord (hovedvegleiar), NIH; og : Professor Fiona Jane Dowling, NIH.
-
-
- LES meir om funna: Kulturkrasj i kroppsøving skyv mange utanfor
- LES meir om prosjektet…
- LES Thorjussen si avhandling (last ned pdf): Physical education, diversity and inclusion-Students’ narratives of inclusion and exclusion from an intersectional perspective.
-
Program