Førsteamanuensis/førstelektor i kroppsøving/idrett till Universitetet i Stavanger (søknadsfrist 23.02.2014)

0

peVil du bli med å vidareutvikle våre populære studietilbod innan kroppsøving og idrett? Vi tilbyr master i utdanningsvitskap med fagprofil kroppsøving/idrett, i samarbeid med Universitetet i Agder og Høgskulen i Telemark, årskurs og bachelor i kroppsøving/idrett og kroppsøving som valfag i grunnskolelærarutdanningane ved Universitetet i Stavanger.

Vi søkar ein drivande og fleksibel person som ynskjer å bidra i den vidare utviklinga av masterprogrammet og dei andre idrettsfaglege tilboda.

Universitetet i Stavanger har ledig ein fast stilling som førsteamanuensis i idrett/kroppsøving ved Det humanistiske fakultetet, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Stillinga er ledig frå 01.08.2014.

Fagområdet for stillinga er idrett/kroppsøving, og den som blir tilsett skal kunne gi praktisk, teoretisk og didaktisk undervisning i ulike idrettsfaglege emne. Arbeidsoppgåvene vil vere forsking, undervisning, rettleiing, eksamensarbeid, oppfølging av praksis og administrative oppgåver knytt til undervisning på masterprogrammet. Undervisning på bachelor/årskurs i idrett og valfag kroppsøving i grunnskolelærarutdanningane, er også aktuelt.

Faggruppa si forsking dreiar seg om tema som treningslære, idrettspedagogikk, fysisk aktivitet og helse og idrettspsykologi. Den som blir tilsett får satt av tid til forsking, og faggruppa ønskjer nye så vel som kjende forskingstema inn i gruppa.

Forsking- og undervisningsoppgåvene vil bli tilpassa kompetansen til den som blir tilsett.

For tilsetjing som førsteamanuensis er det eit krav at ein har doktorgrad i idrettsvitskap eller tilsvarande kompetanse innanfor fagområdet. For tilsetting som førstelektor er det nødvendig med dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvar arbeidsmengde og nivå for en doktorgradsavhandling.

Det er ynskjeleg at søkarar har forskings- og undervisningserfaring, også innan forskingsmetode, frå høgare idrettsfagleg utdanning.

Den som blir tilsett må også kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller ta imot tilbod om universitetspedagogisk kurs i løpet av ein periode på to år frå tiltreding. Søknaden bør innehalde en refleksjon over egen undervisningskompetanse.

Vedkommande vil det første året delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.

Undervisningsspråket vil normalt vere norsk. Den som blir tilsett, må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg, eller tileigne seg denne kompetansen i løpet av ein periode på to år. Den som blir tilsett, må òg vere førebudd på å gje undervisning på engelsk til internasjonale studentar.

Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ, l.pl.17.510, kode 1011/1198, LR24, ltr 58-69, kr 481.900-590.000bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjonsrettar. Medlemmar kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Stillingsomtala gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil bli vektlagde ved tilsetting.

Søkjarar kan få nærare opplysningar om stillinga ved å vende seg til instituttleiar Elin Thuen tlf 51 83 29 24, epost elin.thuen@uis.no,  eller førsteamanuensis Rune Giske, tlf 51 83 35 36, epost rune.giske@uis.no.
Opplysningar om tilsetjingsprosessen kan ein få ved å vende seg til HR-rådgjevar Janne Halseth tlf 51 83 35 25, janne.halseth@uis.no.

Søknad med CV, ”Utvida søkjarskjema”, vitnemål, attestar, publikasjonsliste, inntil 15 publikasjonar og ev annen dokumentasjon som søkjaren ønskjer det skal takast omsyn til, skal sendast i tre eksemplar til:

Universitetet i Stavanger
Det humanistiske fakultetet
4036 Stavanger

Her finn du utvida søkjarskjema: Bokmål (word 25 kb); nynorsk (word 25 kb)

Søknaden skal merkast med st.id 30052081

Stillingsomtale

Førsteamanuensis/førstelektor i idrett/kroppsøving, st.id 30052081 godkjent i tilsetjingsutval 02.10.2013

Universitetet i Stavanger (UiS) har ca 9200 studentar og 1300 tilsette og driv forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og formidling over eit breitt spekter av fagområde. Studietilbodet spenner frå utdanningar på bachelor- og mastergradsnivå til doktorgradsutdanningar og etter- og vidareutdanningstilbod. Universitetet eig 50 % i International Research Institute of Stavanger (IRIS) som er universitets selskap for eksternt finansiert forsking.

Den faglege verksemda ved universitetet er organisert i Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet og Arkeologisk museum

Det humanistiske fakultetet er organisert i 4 institutt og to sentre: Institutt for musikk og dans., Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur og språkvitskap, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking.

Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk har ca 55 vitskaplege tilsette og ca 700 studentar. Instituttet tilbyr studieprogram i grunnskolelærarutdanning for 1. – 7. trinn (GLU1) og grunnskolelærarutdanning for 5. – 10. trinn (GLU2), årseining og bachelor i idrett, årseining i drama og kunst og handverk, samt mastergrad i utdanningsvitskap med fagprofil i idrett/kroppsøving, norskdidaktikk, matematikkdidaktikk, og spesialpedagogikk, samt PhD i Utdanningsvitskap. I tillegg har instituttet vidareutdanning i engelsk, vidareutdanning av rettleiarar for nyutdanna lærarar, og for praksislærarar, og samarbeid med skoler og skoleeigarar.

Tilsetting gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Organisatorisk er stillinga knytt til Det humanistiske fakultet, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk.

Fagområdet for stillinga er idrett/kroppsøving.

Arbeidsoppgåvene vil være undervisning, forsking/utviklingsarbeid, rettleiing og oppfølging av praksis, eksamensarbeid og administrative oppgåver knytt til fagområda. Den som blir tilsett må rekne med å gi undervisning i idrettsfaglege emne på master i utdanningsvitskap – fagprofil i idrett/kroppsøving, i bachelorprogram/årskurs i idrett og i valfaget kroppsøving i grunnskolelærarutdanningane.

Den som blir tilsett, skal saman med det vitskaplege personalet forske og bidra i utviklinga av forskingsmiljøet ved UiS og IRIS. Stillingsinnehavaren skal gje undervisning, rettleiing og delta i eksamensarbeid innanfor utlyst fagområde, samt ta på seg administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar innanfor nyskaping, innovasjon og kommersialisering av forsking vert vektlagt ved tilsetting i vitskapeleg stilling ved universitetet.  Kjennskap til norsk skole og utdanningssystem er også ein fordel.

Bruk av nye undervisningsmetodar er et satsingsområde ved universitetet. Den som blir tilsett må være innstilt på å ta i bruk nye digitale undervisningmetodar.

Det blir forventa at den som blir tilsett, støtter opp om og deltek i all aktivitet ved fakultetet og kan ta på seg oppgåver på tvers av institutt- og fakultetsgrenser.

Søkarar må kunne dokumentere pedagogiske kvalifikasjonar i form av universitetspedagogisk kurs eller annan pedagogisk utdanning. I særlege tilfelle kan dokumentert undervisningserfaring bli vurdert som likeverdig. Reglar for vurdering og vektlegging av pedagogisk kompetanse ved tilsetting i faste vitskaplege stillingar kan ein få ved å vende seg til fakultetet.

Søkarane vil bli bedømde av ein sakkunnig komité på bakgrunn av innsendt materiale. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga blir lagd på bedømming av dei innleverte vitskaplege arbeida og pedagogiske kvalifikasjonar. Erfaring frå popularisering/formidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og ev andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga kan også bli tillagd vekt.

Opplysningar og materiale som det skal takast omsyn til i den sakkunnige vurderinga, må vere innleverte innan søknadsfristen. Eventuelle referansar skal gis i søknaden eller på førespurnad.

Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju og prøveforelesing før det blir gitt endeleg innstilling. I den samla vurderinga av søkarane vil òg personlege eigenskapar bli lagt vekt på.

Førsteamanuensis i fast stilling kan, etter nærare fastsette reglar, søkje om kvalifikasjonsopprykk til professor.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.