More
    Home News Livestreamad disputas | Repetitive head impacts in football – Quantifying exposure and...

    Livestreamad disputas | Repetitive head impacts in football – Quantifying exposure and assessing outcomes, av Stian Bahr Sandmo, Norges idrettshøgskole

    0
    Stian Bahr Sandmo. Foto: Amalie Huth Hovland, UiO

    Stian Bahr Sandmo forsvarer sitt doktorgradsarbeid ved Norges idrettshøgskole 17. desember 2020, kl 14:00. Han har vore stipendiat ved Senter for idrettskadeforsking på NIH og arbeider nå som lege ved nevrologisk avdeling på Drammen sjukehus. Doktorgraden er formelt tilknytta Universitetet i Oslo (UiO).

    Tittelen på avhandlingen er Repetitive head impacts in football – Quantifying exposure and assessing outcomes.

    Stian Bahr Sandmo har evaluert målemetodar ein kan bruke for å undersøke effektane av nikking. Mellom anna har dei utstyrt spelarar med øyrepluggar; desse målte akselerasjonskreftene som hovudet til spelarane blei utsette for når dei nikka. Dei har også kartlagt omfanget av nikking i barne- og ungdomsfotball. Her kom det fram at unge under 12-13 år nikkar svært lite.

    Dei har òg tatt blodprøver frå spelarar i Tippeligaen og undersøkt førekomsten av tau-protein i desse for å sjå om nikking og hovudskadar ga strukturelle hjerneskadar, noko de ikkje fann. Og dei har undersøkt i kva grad sjølvrapportering kan brukast til å måle nikking og verknadane av dette.

    Les artikkel om funna: Fotballspelarar får hovudskadar, men kor mykje skuldast nikking?

    Komité og vegleiarar

    Bedømmelseskomitén består av Professor Eirik Helseth (leiar), nevrokirurgisk avdeling, Institutt for klinisk medisin ved Universitetet i Oslo; Niklas Marklund, professor i nevrokirurgi, Lund universitet, Lund; og Margo Mountjoy, professor, McMaster University Medical School, Toronto.

    Hovudvegleiar Roald Bahr, professor i idrettsmedisin, Senter for idrettskadeforsking, NIH; medvegleiar Inga K. Koerte, professor i nevrobiologisk forskning, Ludwig Maximilians Universität, München; medvegleiar Lars Engebretsen, professor og overlege ved ortopedisk klinikk, Oslo universitetssykehus.

    Program

    LEAVE A REPLY

    Please enter your comment!
    Please enter your name here

    This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

    Translate »
    @media print { @page { size: A4 !important; } }