Kunst og konstruksjon.
Nasjonale stereotypiar i norsk sportskommentarar under fotball-VM ’02

Bernt Ove Flekke
Institutt for medievitenskap, Universitetet i Bergen




Introduksjon

Under verdsmeisterskapen (VM) i fotball 2002 var tyskarane maskiner, brasilianarar dansa som vanleg samba, sørkoreanarar var opptrekkbarre leikety, Beckham var eit ikon, britane sloss med hjartet, afrikanske fotballspelarar var løver, Del Piero var frelsar og den franske arrogansen snubla – alt ifølgje VG (Verdens Gang), Aftenposten og BT (Bergens Tidende), og alt med eit solid fotfeste i vestleg tradisjon med bruk av nasjonale stereotypiar.

Eg ynskja å studere korleis norske sportsjournalistar omtalar utøvarar frå andre nasjonar når ”våre eigne” ikkje er involverte, sett i forhold til teorien om nasjonale stereotypiar som føreligg i faglitteraturen innan sport og media. VM i fotball i Japan og Sør-Korea 2002 var eit passande høve for undersøkinga. Trass i at Noreg – som kvalifiserte seg både til VM i USA 1994 og det påfølgjande i Frankrike 1998 – denne gongen måtte finne seg i å stå utanfor landslagsfotballen si mest høgtståande og eksklusive tevling, vart det spandert spaltekilometer i avisene på det som føregjekk i Austen. For å redusere stoffmengda avgrensa eg analysematerialet til sportskommentarane skrivne i Aftenposten, BT og VG i samband med VM. Ved sida av det kvantitative omsynet, vart valet også gjort ut frå tanken om at kommentarsjangeren verkar haldningsskapande på lesaren (Frandsen 1995:19).

Problemstillinga vert: I kva grad er nasjonale stereotypiar haldt ved like og omforma hos sportskommentatorane? Andre sentrale spørsmål er: Kva særpregar dei stabile stereotypiane og kva forklarer eventuelle endringar av dei? Eg innleier med å gjere greie for stereotypiomgrepet, og vidare bruken av og opphavet for nasjonale stereotypiar i sportsjournalistikken. Deretter vert karakterdrag ved kommentarsjangeren og det metodiske aspektet ved datainnsamlinga og analysen skildra. I analysen vert førekomsten av enkelte nasjonale stereotypiar og eventuelle brot med dei drøfta. Kven vert det skreve om? Kva vert det skreve? Kvifor vert det skreve slik? Diskusjonen legg blant andre opp til eit historisk og globalt perspektiv for å freiste svare på spørsmåla. Avslutningsvis fylgjer ei oppsummering.

Lesaren vil oppdage at verken Sverige eller Danmark – som begge var kvalifisert til VM – har fått plass i analysen. Noreg, Sverige og Danmark har gjennom ei felles historie langt på veg opparbeida seg ei sams kulturell og språkleg forståing og ein identifikasjonsplattform mot omverda den engelske faglitteraturen nytta her ikkje har fanga opp. Omsynet til omfanget av desse føresetnadane gjorde at ingen av laga kom på bana denne omgongen.


Nasjonale stereotypiar

Aschehoug og Gyldendahls Store Ettbinds Leksikon definerer stereotypi som ”ensformig, uforanderlig” eller ”metallavstøpning av en trykkform”. Den amerikanske journalisten Walter Lippman introduserte omgrepet i 1922. Han tenkte på stereotypiar som bilete skapt inne i hovuda våre om dei sosiale gruppene kring oss i samfunnet, og eit verkty til å skape orden i ei komplisert og kaotisk verd vi ikkje hadde nok kunnskap om og oversikt over (Hinton 2000). Charles Stangor snakkar om stereotypiar som ”beliefs about the characteristics of groups of individuals”, medan verbaliseringa av omgrepet – å stereotypisere – er ”application of these stereotypes when interact with people from a social group” (Stangor 2000:1). Frå stereotypi til fordom er vegen kort. Fordom har i tillegg ein emosjonell dimensjon, ei negativ kjensle eller haldning mot gruppa det er snakk om. Både stereotypiar og fordommar er resultat av sosial kategorisering. Den skjer når ein tenkjer på eit einskilt individ som medlem av ei gruppe i staden for som eit unikt individ. Gruppa skil seg gjerne ut på bakgrunn av fysiske kjenneteikn som hudfarge, alder, kjønn og/eller andre typar kategoriseringar.

Konkurranseidretten og sportsjournalistikken har i stor grad medverka til å forsterke stereotype oppfatningar om rase, kjønn og nasjonalitet. Korleis og kvifor dette har skjedd, er viktig å studere med tanke på den samfunnsmessige innverknaden sporten har hatt, meiner Peter Dahlén og Knut Helland (2002). Sentrale verk på fagfeltet er levert av Neil Blain m.fl. (1993), Hugh O’Donnell (1994) og Liz Crolley og David Hand (2002). Med fokus på stereotypiske skildringar av andre nasjonar i studiane, vert aviser frå ulike land analysert og samanlikna i samband med store idrettshendingar, til dømes VM i fotball og Wimbledon-tuneringa i tennis. O’Donnell deler i sin studie idrettsverda inn i nord (skandinavar), sentrum (tyskarar, britar, franskmenn) og sør (søreuropearar, søramerikanarar, afrikanarar). Han utstyrar utøvarane frå desse områda med klassiske stereotype eigenskapar (1994:346 – 353).

Skandinavane vert skildra som kalde, seriøse, kalkulerande, med ein klinisk rasjonalitet i konkurransesituasjonar, men også som fåmælte, lite dynamiske, kjedelege og med ei manglande evne til å syne kjensler. Tyskarane er effektive, maskinmessige, disiplinerte, nøyaktige, hardt arbeidande, sterke mentalt og har ei stor sjølvkjensle. Den britiske utøvaren har arbeidsvilje, pliktkjensle, engasjement, djervskap og stridslyst, sjølv når motgangen skulle melde seg. Franskmennene manglar disiplinen til tyskarane og britane sin kampvilje, men vert i staden presentert som talentfulle, kunstnariske, sjarmerande, stilfulle og til tider pompøse.

Den temperamentsfulle latinaren er ein av dei mest rotfesta stereotypiane i den nordeuropeiske kulturen. Utøvarar frå landa kring Middelhavet vert sett på kjensleladde, eldfulle, sensuelle, med ei skort på ansvarskjensle og dragnad mot hedonismen. Søramerikanarane går også inn under denne stereotypien. I tillegg disponerer dei eit innlysande talent og stor skaparevne. Attributtane gjer dei i stand til å prestere det uventa og nesten magiske, men ikkje alltid fullt så effektive når det kjem til teljande resultat. Trass i dei positive sidene, kjem søramerikanarane like ofte i fokus grunna manglande disiplin, likesæle, omsynsløyse og nonchalanse. Afrikanarane deler fleire av særdraga ved den latinamerikanske stereotypien, dei er til dømes artistiske, temperamentsfulle, irrasjonelle og uorganiserte.

O’Donnell hevdar stereotypiane er overraskande einsarta innan og over landegrensene (1994:354). Han ser på samspelet mellom politiske og geografiske relasjonar når han freistar å finne opphavet for dei. Den industrielle revolusjonen og perioden av kolonisering på 1800-talet utvikla eit system av internasjonal arbeidsdeling. Råvarer vart dyrka og utvunne i Afrika eller Latin-Amerika, medan den industrielle tilarbeidinga vart gjort i Europa og Nord-Amerika. Dette førte med seg eit sterkare skilje mellom utvikla og mindre utvikla område innan og utanfor Europa. Sett i dette utviklingsperspektivet vaks det fram ein sentrumsposisjon med tidleg industrialiserte vesteuropeiske land som Storbritannia, Frankrike og Tyskland, og kring dei periferland mindre opne for moderniseringsprosessen industrialiseringa gjekk ut på.

O’Donnell argumenterer slik for at dei nasjonale stereotypiane kan sporast attende til sentrum. Frå her vert relasjonane til nord og sør definert og stereotypiar konstruert, blant anna gjennom tilhøvet til arbeid: “These relationships are defined through the one point of intersection which, whatever their superficial disparity, all the stereotypes share: their overt or covert mythologizing of collective fitness for work.” (O’Donnell 1994:356). Sentrumsstereotypiane har mange av eigenskapane ein knyter til økonomisk vekst og ein utbygd velferdsstat, til dømes forståing for arbeidet, mentalt og kjenslegmessig ansvar, disiplin, store mengder energi, inspirasjon og stil. Skandinavane deler fleire av desse karakterdraga, men deira kalde og reserverte åtferd ekskluderer dei frå maktfeltet og det gode selskap i sentrum. Skilnadene er langt større i forhold til innbyggjarane i sørlegare land. Sentrum ser dei som urealistiske, slurvete, rasjonelt og analytisk uskikka, til tider late, dumsnille og i enkelte høve i større grad enn andre tilbøyelege til å tene til livets opphald gjennom kriminelle aktivitetar.

Dei negative eigenskapane forsterkar seg dess lenger sør ein kjem i verdsgeografien, poengterer O’Donnel: ”The Mediterranean stereotype is rather less extreme than that of the Latin Americans, and that of the Africans suggests even greater primitiveness still.” (1994:357). Skjønar ein O’Donnel rett, speglar kulturen, infrastrukturen og det politiske og økonomiske systemet i eit land seg att i måten enkeltspelarar og lag frå desse nasjonane syner seg både på og utanfor fotballbana. Johannes Nymark (2002) ved Norges Handelshøyskole gjev næring til resonnementet. Ifølgje han syner tal langt fleire organiserte enn uorganiserte fotballspelarar i Europa, medan situasjonen for Afrika og Sør-Amerika er motsett:

Afrika og Sør-Amerika er ikkje berre mindre organiserte og mindre strukturerte enn Asia og Europa når det gjeld fotball. Strukturane allment i samfunnet er også lausare i mange afrikanske og søramerikanske samfunn, og ikkje utan grunn er desse områda meir kjende for improvisasjon og organisering. Det motsette er tilfelle for Europa, i særleg grad Nord-Europa, og også for fleire asiatiske land.


Myter i sportsjournalistikken

Stereotypisering kan også knytast til myteomgrepet. Med myter meiner ein forteljingar. Frå gamalt av har dei forklara det mennesket ikkje klarte å grunngje rasjonelt. Sportsjournalistikken kan sjåast som rituelle lovnader i ein mytisk tradisjon – eller mennesket sin draum om noko guddomleg, meiner Thore Roksvold (1993). Draumen vert realisert i idretten gjennom konkurransar, resultatmålingar og rekordnoteringar. Myta krev ikkje å verte trudd på ordet. Kjernen i ho er røyndomen, men ho må likevel skjønast symbolsk. Sportsjournalistikken medverkar slik til å strukturere kvardagen og verda: ”The mythic is a world apart, but it is also close at hand. It acts as a bridge between the everyday, and the transcendent, the known and the unknown, the sacred and the profane.” (Silverstone 1981 ifølgje Whannel 2002:52).

I den mytiske forteljingsstrukturen går helten gjennom forsakingar og prøvingar han må stå mot og meistre for å nå målet han har satt seg. For å halde på førestillinga om at alle menneske er likeverdige og i teorien har lik sjanse til å oppnå heltestatus, må helten vere spesiell og vanleg på same tid. Idrettsverda sportsjournalistikken presenterer kan vere ei framstilling med skeive proporsjonar. Tevlingane i idretten kan sjåast som eit ideologi-forsterkande, legitimerande spegelbilete på kappestriden i samfunnet, men også som eit ubindande, avløysande fluktalternativ til den same kappestriden. Det er likevel viktig at sportsjournalistikken held liv i mytane, den skal i første rekke underhalde og stadfeste normer: ”Det er […] sportsjournalistikkens oppgave å gi myten om det grenseoverskridende mennesket […] de konkrete fortellingene den trenger.” (Roksvold 1993:122).


Ein kommentar til kommentaren

Det går eit avgjerande skilje mellom nyhende og kommentarar i journalistikken. Skilnaden er nedfelt i punkt 4.2 om publiseringsreglar på Vær Varsom-plakaten – dei etiske køyrereglane den norske pressa har i forhold til omgjevnadane: ”Gjør klart hva som er faktiske opplysninger og hva som er kommentarer.” Nyhende skildrar og informerer om kva som har skjedd eller skal skje, medan kommentaren diskuterer og tolkar korleis vi skal ta stilling til det. Han er gjerne skriven i eg-form av ein redaksjonell medarbeidar med spesiell innsikt i det aktuelle temaet. Kommentaren er slik ei subjektiv meiningsytring, bygd på dei personlege vurderingane til forfattaren. Forfattaren står berre til ansvar for seg sjølv, det han skriv representerer ikkje utan vidare synet til avisa (Roksvold 1997, Sneve 2002).

Kommentaren utgjer etter måten ein viktig del av norsk sportsjournalistikk. Han går meir i djupna og skal etter intensjonen sjå på det som skjer på og utanfor idrettsarenaene med eit kritisk og reflektert blikk. Tematisk har sportskommentaren dei siste åra gjerne handla om etiske spørsmål kring doping, kommersielle forhold og maktrelasjonar innan idretten. Kommentaren kan også vere direkte knytt til hendingar og særskilde prestasjonar av enkeltutøvarar eller lag. Relatert til fotball er det gjerne spørsmål kring trenar, spelestil, laguttak og kampar som vert kommentert. Meslo (2001) skildrar til dømes korleis VGs sportskommentator Truls Dæhli under fotball-EM 2000 gav landslagsjef Nils Johan Semb råd om korleis Noreg skulle spele, og oppmodingar om å ta dei til etterretning i neste kamp.


Metode – data og analyse

Tabloidavisa VG trona øvst på opplagstoppen 2001 med eit dagleg laussal på 357 508 utgåver. Noregs nest største avis, Aftenposten, og BT, den største regionavisa i landet, baserer inntektene i første rekke på abonnement og annonser, og hadde høvesvis eit opplag på 262 632 og 92 073 (Medienorge 2002). Analysen byggjer på sportskommentarane i dei tre avisene i samband med fotball-VM 2002. Meisterskapen opna med Frankrike—Senegal fredag 31.mai og avslutta med finalen Brasil—Tyskland søndag 30.juni. Analyseperioden går berre over 25 dagar, frå laurdag 8. juni til måndag 1. juli. Årsaka er streiken som ramma medie-Noreg første veka av juni. Om lag 3300 journalistar la ned arbeidet i rundt hundre bedrifter. Aftenposten gav ut ei rein annonseavis, BT eit redusert produkt med leiarar, debatt og litt nyheiter, medan VG var heilt borte frå avishyllene. Aftenposten, BT og VG presenterte dermed kvar for seg 12, 12 og 16 respektive kommentarar i analyseperioden. Dei er forfatta av Dag Vidar Hanstad (Aftenposten), Tore Strand (11 stk)/Knut Langeland (1 stk) (BT) og Frode Nakkim (VG).

Interessa mi er avgrensa til den verbalspråklege teksten, omsyn til visuelle verkemiddel som layout og biletbruk er ikkje teke. Visse aspekt går på den måten tapt i forhold til ei fullstendig artikkelanalyse, men ikkje med tanke på det ein søkjer svar på i problemstillinga. Metodisk støttar eg meg på ei tradisjonell språkbruksanalyse: En antar at i språkbruksanalysen at hovedformålet med en tekst enten er å informere, å uttrykke meninger og følelser, å appellere til mottaker om å gjøre noe eller gi en estetisk opplevelse.(Hillesund 1994:77) I analysen rører eg meg på eit mikronivå, dvs den enkelte setning. Det er her den språklege stilen i avisartiklane syner seg gjennom blant anna ord og ordkombinasjonar. For ord er distinksjonen ein gjer mellom denotasjon og konnotasjon av relevans. Denotasjon syner til den leksikalske tydinga av ordet, medan konnotasjon er dei tilleggstydingane, assosiasjonane og kjenslegmessige reaksjonane ein set i samband med det.


Fotball-VM 2002

Fotball-VM 2002 var det 17. i rekka sidan 1930. For første gong vart det spela på asiatisk jord. To land og 20 byar var vertskap for den desidert største idrettshendinga i verda ved sida av sommar-OL. Mellom ein og to milliardar menneske i 190 land såg meisterskapen på tv (Helland 2003:14). 64 kampar vart spelte, fordelt på halvparten så mange lag frå fem verdsdelar. Streiken medverka til at 20 av kampane i VM aldri fekk høve til å verte kommentert i dei tre avisene. Men kven vart det skreve om i dei kommentarane som kom på trykk? Finalelaga Brasil og Tyskland var naturleg nok blant dei som fekk mest omtale. Det same gjaldt Sør-Korea, i kraft av statusen som vertsnasjon og grunna den sterke innsatsen som fjerde beste nasjon. Italia forsvann ut av turneringa på turbulent vis mot Sør-Korea i åttedelsfinalen. England sa takk for seg i kvartfinalen, men hadde til gjengjeld den største stjerna i meisterskapen, David Beckham.

Både tittelforsvarar Frankrike og tittelutfordrar Argentina kom til Austen med vinnarambisjonar, men begge vart slått ut allereie etter gruppespelet. Franskmennene reiste heim med berre eitt poeng i fotballbaggen, utan å ha skåra eit einaste mål på tre kampar. O’Donnel skriver at pressa blant anna forklara den svake franske innsatsen under fotball-EM i Sverige 1992 med ”the lack of what are seen as their natural charteristics (1994:350). I VM ti år seinare, kom Aftenposten langt på veg fram til same konklusjon: ”Hvem vil savne Frankrike? Et lag som verken sjarmerer eller underholder, kan like godt reise hjem.” (12.juni).

England, Nigeria og Sverige i ”dødens gruppe” tok brutalt livet av vinnarplanane til Argentina. Det var vår nabo i aust som spelte rolla som både bøddel og prest og gravlagde det siste håpet om avansement for søramerikanarane. For eit land kriseramma av korrupsjonsskandalar, ein devaluert valuta og ustabil styring i den politiske toppen, var den tidlege utgangen på meisterskapen ikkje det Argentina hadde vona på. Med referanse til songen Don”t cry for me, Argentina gret BT saman med søramerikanarane under overskrifta En tåre for Argentina: ”[…] dette blander seg med vissheten om hvordan et hardt prøvet folk, som på sett og vis har hatt fotballen som sin viktigeste trøst og kanskje eneste glede, nå må oppleve at den også ligger i ruiner.” (13.juni).


Den ty(pi)ske sigermaskina

Fotball er eit enkelt spel: 22 mann jagar ballen i 90 minutt, og til slutt vinn tyskarane.
Gary Lineker (tidlegare engelsk landslagsspiss)

Europeisk presse skildra det tyske fotballandslaget under VM 1990 som disiplinerte, pålitelege, lojale og dediserte til arbeidet som skulle gjerast på bana, skriv Blain m.fl. (1993:69). Sportskommentatorane i norske aviser stadfesta at tyskarane hadde desse eigenskapane til rådvelde også i 2002. Midtbanespelaren Dieter Hamann vart omtala som ”[t]ysk drømmespiller: Lojal, disiplinert, tålmodig, velger enkle løsninger med liten risiko og holder midtbanen organisert defensivt” (VG 29.juni). ”God organisering, lojale spillere” (Aftenposten 26.juni), ”kløkt og grundighet” (BT 26.juni) og ”soliditet, effektivitet, grundighet, pålitelighet, disiplin, lojalitet” (VG 26.juni) var etikettar plassert på Tyskland dagen etter semifinalesigeren over Sør-Korea. I sin studie av EM i fotball 1992 konkluderer O’Donnel med at “[i]n terms of this stereotype, the Germans have, above all, the right mental ‘attitude’: a confidence in their ability to get the job done” (1994:348). Eller som BT formulerte det ti år seinare: ”Tyskerne har gjort jobben sin og i går nøytraliserte de Sør-Korea.” (26.juni).

Tyskland spelte seg fram til sin sjuande finale i VM-historia – ein prestasjon som ikkje akkurat vippa kommentatorane av journaliststolen: ”På typisk tysk vis har [landslagssjef] Rudi Völlers utvalgte vokst seg store i VM” (BT 26. juni), ”[k]all det gjerne typisk tysk” (Aftenposten 26.juni), ”[f]orøvrig 1-0 til Tyskland i det 88.minutt – typisk!” (VG 16.juni) og ”slik gjorde Tyskland det Tyskland som regel gjør” (VG 12.juni). Forbundsstaten sine prestasjonar innanfor det grøne rektangelet har framover tida fått blant andre ein mekanisk karakteristikk, til dømes ”den tyske maskinfotballen” (BT 1.juli) og ”tyske seiersmaskinen” (BT 26.juni). Ifølgje Blain m.fl. skildra ei spansk avis tyskarane i fotball-VM 1990 som ei ”maskin programmert til å vinne ved kvelning [mi omsetjing]” (1993:69). Det var kanskje ei slik kjensle av pine VGs kommentator opplevde etter kvart som den tyske suksessen tok form i 2002: ”Det var som en god, gammel motbydelig Tyskland-seier.” (12.juni).


… med døden til følgje

Some people believe football is a matter of life and death.
I’m very disappointed with that attitude.
I can assure it is much, much more important than that.

Den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly sikra seg evig plass i sitatordbøkene med si berømte utsegn, men fotballhistoria har nok gjeve han meir rett enn han sjølv ynskja. Fotball er leik på ramme alvor, i verste fall med døden som utgang. Landskampar og store meisterskap går på æra og nasjonalkjensla laus i dei fleste land, men det er ei oppfatning at konsekvensane av tap er større dess meir sørleg blod det er i årene: ”Stories about South American fans commiting suicide following the defeat of their team, or even of war being declared as a result of football matches between Latin American countries, are part of the popular folklore of footballing Europe.” (Goldlust 1987, sitert etter O’Donnel 1994:352).

Kampen det er referert til er det avgjerande kvalifiseringsoppgjeret til VM 1970 mellom El Salvador og Honduras, som var den utløysande årsaka til krigen som oppstod mellom landa ein månad etter. 24 år seinare sendte likvideringa av Andres Escobar sjokkbylgjer gjennom fotballverda. Colombias forsvarsspelar forsegla sortien til landet i VM 1994 med eit sjølvmål i kampen mot USA. Nokre dagar seinare vart Escobar drepen med fleire dødelege skot utanfor ein nattklubb i heimlandet, truleg av kriminelle som hadde satsa store pengar på at Colombia skulle gjere suksess i meisterskapen. Koplinga mellom liv og død vart også gjort av norsk presse dagen etter Italia rauk ut av VM 2002 til fordel for Sør-Korea. Dommaren kom i fokus

”I dag […] ønsker mange italienere livet av Byron Moreno fra Ecuador” og ”[i] dag skal han altså drepes, hvis fotballgale italienere får det som de vil”, skreiv VG (19. juni ). BT ymta også frampå om italienarane sin disposisjon for blodhemn som sanksjonsform mot den danske assistentdommaren og den engelske dommaren, etter tapet mot Kroatia i dei innleiande kampane: ”Verken Jens Larsen eller Graham Poll bør satse på ferie ved den italienske Riveriaen i sommer” og ”[l]ykkes ikke italienerne, blir det neppe deilig å være dansk i sommer – i Italia” (9. juni). Vi konnoterer Italia ikkje berre med pasta, opera, raude vindruer og Federico Fellini-filmar, men også med organisert kriminalitet og korrupsjon. Den låge prisen VG og BT meinte italienarane sette på Moreno, Larsen og Polls vidare eksistens minner mykje om det vi har lest, høyrt og sett av mafiaen sitt forhold til verdien av menneskelivet når noko eller nokon går mafiaen mot. Til alt hell hadde Italia ein frelsar.

Lêrkula som avløysar for religion treng ikkje berre vere årsak til tap, sorg og elende, den avlar også sendebod i fotballutstyr frå ovan: ”Italia har tradisjon for fotballfrelsere. I går ble årets frelser født i tolvte time.” (VG 14.juni). Alessandro Del Piero gjorde, i tråd med tradisjonen, teiknet til korset like før han kom på bana som innbytar i oppgjeret mot Mexico. Sju minutt seinare skåra han målet som sikra italienarane uavgjort og vidare spel i turneringa. VG meinte prestasjonen fortente guddomleg og mytisk status, og bygde opp under forståinga av dei nære relasjonane katolske land i sør pleier med høgare makter. Ei oppfatning Diego Maradona gjorde sitt beste til å styrke ved å hevde at ”Guds hand” kom hjelpande til Argentina, då han medvite handsa ballen i mål i kvartfinalesigeren over England i Mexico-VM 1986.


The good, the bad and the ugly

Brasil har, inkludert 2002, vunne VM fem gonger og er den einaste nasjonen som har kvalifisert seg til alle sluttspel. Landet vart igjen referert til som ”sambafotballens hjemland” (BT 27.juni). Elles vart laget skildra som ”lekent og morsomt” (Aftenposten 16.juni) og leverandørar av ”noen magiske øyeblikk” (Aftenposten 27.juni) og ”artisteri” (Aftenposten 21.juni). Men den svake defensive organiseringa og mangelen på kollektivt spel vart gjerne nemnt i same andedrag. Det nordeuropeiske synet på søramerikanarar har nettopp vore delt mellom beundring, glede og kjærleik over det openberre talentet og kreativiteten hos individualistane, og mismod over ustabiliteten og mangelen på karakter (Blain m.fl. 1993). Enkeltmannsprestasjonane vart slik stundom prisa i kommentarane, men ambivalensen til dei største brasilianske individualistane kom likevel fram:

”Rivaldo står for meg som inkarnasjonen på jukset, på hvordan selv de mest begavede spillerne finner det nødvendig, endog naturlig, å bruke alle virkemidler for å vinne.” (VG 22. juni). Bakgrunnen for den harde dommen mot brasilianaren var situasjonen i kampen mot Tyrkia i dei innleiande kampane. Heilt på slutten av oppgjeret sparka Tyrkias Hakan Unsal ballen rett på Rivaldo, som stod klar til å ta hjørnespark. Rivaldo datt i bakken som om han var skoten rett ned, treft av dødelege geværkuler. Unsal fekk på rett måte raudt kort for overtrampet, men reprisane på tv etterlet likevel ingen tvil om at Rivaldos reaksjon var overdramatisert. VG insinuerte det låg naturleg for Rivaldo å opptre slik han gjorde – fordi han kjem frå der han gjer. Eit eventuelt standpunkt Brasils landslagssjef under VM, Luiz Felipe Scholari, synte seg å dele like før meisterskapen vart sparka i gang:

Alle i internasjonal fotball filmer like mye. Forskjellen er at en europeer aldri i verden vil innrømme det, mens en latinamerikaner oppfatter det som en del av spillet. For ham er det en like stor prestasjon å lure dommeren som å lure keeperen. (Sandnes 2002:32).

Dagen før finalen vart Rivaldo slik stempla både som ”Brasils viktigeste spiller” og ”[u]tpreget egoist og usympatisk juksemaker” (VG 29.juni). Han var likevel ikkje åleine om å verte skulda for i første rekke å framheve seg sjølv framfor å dyrke laget:

Fremover skal de fleste brasilianske spissene helst gjøre det meste selv og med en avslutning som skal stjele alle, absolutt alle overskrifter. Derfor blir det viktig for Rivaldo og Ronaldo at det er de selv som scorer og ikke de andre. Egoet til Brasil-spissene er så stort at det i verste fall kan gå ut over laget og frata dem et nytt VM-gull. (BT 27.juni).

Ronaldo, Rivaldo og Ronaldinho skåra 15 av Brasils 18 mål i VM. Sistnemnde vart skildra som ein kombinasjon av dei beste eigenskapane frå den nordeuropeiske og søramerikanske stereotypien: ”[Han] jobber hardt og ærlig, med stor fart og klassisk brasiliansk teknikk og kreativitet. Spiller med stor spontanitet, men er samtidig uegoistisk.” (VG 29.juni) Spelet hans tilfredsstilte også fotballsansane: ”Ronaldinhos raid var en nytelse.” (Aftenposten 21.juni) Midtbanespelaren Gilberto Silva på si side hadde ”taktisk klokskap og lite markeringsbehov” og fungerte som ei motvekt til stjernetrioen med å vere ”veldig ubrasiliansk i stilen” (VG 29.juni). Egoisme, usympatiske trekk og suspekt forsvarsspel til trass, ”på topp hadde laget individualistane som overvant den tyske maskinfotballen” (BT 1.juli).


Løver i marsjtakt

Fire av laga i kvartfinalane var ikkje-europeiske. At Brasil var der var ikkje overraskande, men at Sør-Korea, USA og Senegal skulle hamne blant dei åtte attverande var meir uventa. Fotballen fekk slik ein resultatmessig global representasjon den ikkje hadde hatt tidlegare. Globalisering er eit sentralt element ved samfunnsutviklinga i nyare tid. Med det siktar ein til ei utvikling av verdsomfattande arenaer og systemsamanhengar som i vår tid eksisterer som om heile kloden var éin stad. Ein avansert kommunikasjonsinfrastruktur har gjort avstandane mellom landa og verdsdelane mindre og medverka til at erfaringshorisonten vår i større grad er felles og standardisert. Ved hjelp av satellittar kan til dømes alle sjå same nyhende på internasjonale tv-kanalar til same tid. Samstundes har strukturen for den internasjonale arbeidsdelinga endra seg – den tredje verda er ikkje lenger berre leverandør av råvarer og billeg og ufaglært arbeidskraft (Larsen og Hausken 1999).

Utveksling av informasjon, kunnskap, erfaring og arbeidskraft mellom verdsdelane har gjort seg gjeldande også innan fotballen. Spelarar frå andre verdsdelar har dagleg profesjonelt tilhald rundt om i Europa, på same måte som Japan, Kina og USA hentar spelarar frå Europa og Sør-Amerika for å betre kvaliteten og oppnå større merksemd kring nasjonale seriar. Kamerun, Kina, Japan, Paraguay, Senegal, Sør-Korea og Tunisia hadde alle satsa på framståande europeiske trenarpersonar til VM. Meisterskapsdebutanten Senegal forsvara den afrikanske æra, slik Kamerun gjorde det i Italia 1990. Kamerun fekk den gong tilnamnet ”dei afrikanske løvene”, eit namn som har hengt ved laget sidan og raskt nytta også på Senegal i 2002. Men løvene stod no fram som temja og dresserte i flokk. Suksessen til Senegal vart forklara med korleis dei stereotype nordeuropeiske eigenskapane laget hadde tileigna seg fungerte i godt samspel med dei afrikanske: ”Laget har allerede slått hull på mange myter om afrikansk fotball. Godt hjulpet av en fransk trener har spillerne, som nesten alle bor i Frankrike, fremstått godt organisert og disiplinert.” (Aftenposten 19. juni).


Dvergen som vaks seg stor

Størst suksess av trenarane hadde likevel nederlandske Guus Hiddink. Han medverka til at Asia for alvor plasserte seg på fotballkartet, ved å føre Sør-Korea – som det første asiatiske land nokon sinne – heilt fram til semifinalen i VM. VG meinte framgangen til både Senegal og Sør-Korea var eit resultat av ”den nye fotballen”: ”[B]lendende teknikk blandet med enorm løpshastighet, hurtighet, muskler og solid lagstruktur i en og samme pakke.” (17.juni). Aftenposten støtta opp med å påstå at ”[s]lik fremstår lagene som før bare hadde teknikk, nå strammere organisert og ikke minst med bedre fysikk” (13. juni). Om Sør-Korea åleine vart det sagt: ”De er rett og slett et godt fotballag. Velutrustet fysisk med gode individualister og en lagmoral som få.” (BT 20.juni).

Sør-Korea opplevde på 1980- og 1990-talet ein sterk vekst i industrien og økonomien trass i utanriksøkonomisk sjølvstende. Reint sportsleg markerte landet blant anna seg ved Seoul som vertskap for sommar-OL 1988 og kvinnelandslaget i handball som vant medaljar i fleire internasjonale meisterskap. Under VM vart Sør-Korea omtala som ”fotballdverg” (Aftenposten 19.juni). Den dobbelte meininga i tilnamnet spelar på den stereotype oppfatninga om asiatar som små av vekst, og at landet må reknast som ein lite merittert nasjon blant dei store på fotballbana. På rekke og rad måtte likevel fotballstorleikar som Portugal, Italia og Spania gje tapt på Sør-Koreas veg til semifinalen. Dvergen vaks seg til ein gigant, og gjorde meir enn å utfordre fotballstormaktene. Spelestilen til sørkoreanarane hadde preg av stor laupskapasitet og intensitet frå første til siste signal i dommarfløyta. Det gav seg utslag i ein karakteristikk som ”høy oktan-fotball” (BT 26.juni) og ei samanlikning med ein ”trekk opp-bil” (VG 19.juni). Mot tyskarane i semifinalen vart det like fullt motorstopp.


Helt og nasjonalt idol

Sentrale element ved det stereotype signalementet av engelske fotballspelarar er deira dugleik til å stå på og kjempe heilt til sluttsignalet går i kampen, den sterke lagmoralen, evna til å tåle smerte og deira innsatsfulle og ærlege spelestil (Blain m.fl. 1993). ”Hjertet og gløden er der som før”, ”[Englands høyreback] Danny Mills har det herlige engelske med en innsats og moral av en annen verden” (Aftenposten 8.juni), medan BT meinte ”England er best når de spiller engelsk” (8.juni). Då England tapte mot Brasil i kvartfinalen var det blant anna grunna manglande evne til å leve opp til eigen stereotypi: Laget var ”tilsynelatende uten vilje” (VG 22.juni) og ”slitne, dårlige og feige” (Aftenposten 21.juni). Trass i at England i ein tidleg fase av meisterskapen vart framstilt som ”VMs kanskje mest homogene lag” (VG 16.juni), handla det aller meste om ein spelar, ein av dei mest omskrivne personane i verda dei siste åra.

I førekant av VM var det stor spenning i England og resten av fotballverda kor vidt David Beckham kom til å rekke meisterskapen etter skaden han var utsett for to månader i førevegen. Situasjonen var så alvorleg for monarkiet at Dronning Elizabeth II tilbydde landslagskapteinen hjelp frå dei kongelege sitt medisinske personale for å lindre smertene. ”Ingen enkeltspiller er viktigere i VM enn David Beckham”, kommenterte VG (21.juni). Og sjeldan har eit fotballandslag i så stor grad vore sett i samband med ein spelar. Kvar og ein av kommentarane om England i Aftenposten, BT og VG nemner ikkje England utan å inkludere Beckham. Garry Whannel meiner Beckhams ”image has become the dominant icon of British sport representation” (2002:202). Den einsidige fokuseringa på Beckham inneber i seg sjølv eit brot med typisk engelske, og gjev samstundes den omtala globaliseringa eit andlet.

Beckham er den einaste spelaren som er nemnt med namn i overskrifta i dei 40 kommentarane som utgjer analysematerialet (Det haster for Beckham, BT 16.juni). Han er også åleine om å verte ein kommentar i heilskap til del (Berømmelsens gladiator, VG 21.juni). Her vert han omtala som ”den spektakulære formannen i arbeidslaget”. Ein som merkar seg ut frå resten, eit symbol på nyvunnen rikdom, popularitet og makt, men samstundes med begge fotballbeina planta på den grøne jorda lagkameratane arbeider ved sida av han på. Etter sigeren over Argentina i gruppespelet hevda BT at ”Beckham-revansjen vil nok være det store samtaleemnet i England de neste dagene” (8.juni). Fire år tidlegare vart han gjort til nasjonal syndebukk etter utvisning i Englands tap mot same land i Frankrike-VM. Peter Dahlén (2002) gjer greie for korleis Beckham i etterkant som ein mytisk helt meistra vonbrot og motgang, og skapa den om til triumfar og suksess både på og utanfor bana, slik at han endå ein gong stod fram som eit nasjonalt idol. Sirkelen vart på eit vis slutta i VM 2002. Som ein nemesis for Argentina straffa han landet, i dobbelt forstand, med den avgjerande skåringa frå kritmerket.


Ein arena for nasjonalisme

Det nivået av nasjonalkjensle og bruken av nasjonale stereotypiar som ein finn på sportssidene i avisene ser ein sjeldan eller aldri andre stadar, kanskje med unntak av i krigssituasjonar, hevdar O’Donnell (1994:354). Særleg fotballbana er vorte ein arena for å bygge opp under nasjonale kjensler. Ballidretten vert med sin enorme og stadig større popularitet rekna som nasjonalsport i fleire land. Helland snakkar om Noreg sine landskampar i fotball som nasjonale hendingar:

Det blir en feiring av nasjonalstaten i en situasjon der den er i ferd med å miste politisk makt, blant annet på grunn av globalisering og forholdet til EU. Det blir også en feiring av en skjør kollektiv identitet mellom mennesker som aldri har møtt hverandre, og heller ikke kommer til å gjøre det. (2003:203).

Sjølv om globaliseringa medfører kortare kommunikative avstandar, kan verdssamfunnet på same tid sjåast som meir uoversiktleg enn tidlegare. Gjort relevant her, kan sportsjournalistikken ved å operere med ulike stereotype nasjonale kategoriseringar, fungere som eit vegkart i det ikkje alltid like forståelege internasjonale terrenget av nasjonar, som til dømes eit fotball-VM kan vere. Journalist i Dagsavisen, Cathrine Sandnes, følgde i dei godt opptrakka forfattarfotspora til blant andre Dag Solstad og Jon Michelet og skreiv bok om VM 2002. Sandnes meiner dei kjenslene ein knyt til ulike land og spelarar er det som er med på å gjere fotball-VM til ei stor idrettshending: ”Ta holdningene, fordommene og historien vekk fra VM i fotball, og du tar vekk det som samler oss rundt ballen.” (Sandnes 2002:169).

Analysen syner at mange av stereotypiane levde vidare i norske sportskommentarar anno 2002. O’Donnell hevdar dei nasjonale stereotypiane, trass i enkelte variasjonar, har halde seg stabile over lang tid (1994:377). Den norske landslagspelaren og journalisten Jørgen Juve stadfestar langt på veg dette i boka Alt om fotball frå 1934:

Spillet utvikler hos tyskeren hans hurtighet, hans sans for systematikk, hos sydamerikaneren holdes det varmblodige temperamentet i tømme, mens hans kjærlighet til hasarden og spenningen får leve fritt, hos engelskmannen styrkes den stoiske ro, hans taktiske klokskap, hans fairness […]. (Sitert etter Helland 2003:203).


Avslutning

Før finalen mellom Brasil og Tyskland, omtala VG oppgjeret som ein kollisjon mellom fotballkulturar, som eit manifest over fotballutviklinga det siste halve århundret, som eit møte mellom individ og industri, som eit møte mellom kunst og konstruksjon. Omgrepspara kan samstundes gjelde som dokumentasjon for at nokre nasjonale stereotypiar enno spelar i dei same draktene på bana, andre delvis i nye fargar og innlåna reservedrakter, medan andre igjen har kome inn frå innbytarbenken, iallfall kva vedgjekk det sportskommentatorane i tre norske aviser skreiv under VM i fotball 2002. Kunst og konstruksjon kan også sjåast som eit uttrykk for den kommenterande sportsjournalistikken, prega av språkleg kunst og konstruksjonar for å plassere land og kulturar i kategoriar. Noko som kan ha ein viktig funksjon i det verdsfemnande samfunnet vi lever i dag, samstundes som det sjølvsagt kan vere medverkande til å forsterke eksisterande stereotype og eventuelt fordomsfulle oppfatningar.

Artikkelen kan vonleg fungere som inntak og inspirasjon for liknande studium innan fagfeltet. Sett i lys av den norske presse- og avislandskapen er den komparative stien ein opplagd veg å gå. Mitt ærend har ikkje vore å få fram skilnadene mellom VG, Aftenposten og BT, sjølv om dei utvilsamt er til stades. Vidare kan ein hevde at kommentarsjangeren ikkje i tilstrekkeleg grad gjev eit representativt bilete av norsk sportsjournalistikk. Og ikkje minst, korleis vil norske sportskommentatorar og journalistar snakke og skrive om oss sjølv og våre internasjonale opponentar neste gong – viss det vert eit slikt høve – Noreg deltek i eit EM- eller VM-sluttspel i fotball? Ballen er i lufta, eg nikkar han vidare …



Litteraturliste og kjelder

  • Aschehoug og Gyldendahls STORE ETTBINDS LEKSIKON (1997), Oslo: Kunnkapsforlaget,
  • Blain, Neil, Raymond Boyle og Hugh O’Donnel (1993): Sport and the National Identity. In the European Media, Leicester: Leicester United Press.
  • Crolley, Liz og David Hand (2002): Football Europe and the Press, London: Frank Cass.
  • Dahlén, Peter (2002): ”En mann for vår tid” (kronikk om David Beckham), BT 13. juli.
  • Dahlén, Peter og Knut Helland (2002): ”Sport og medier. En forskningsoversikt”, Norsk Medietidsskrift, årgang 9, nr 2, side 7-33.
  • Frandsen, Kirstin (1995): Dansk sportsjournalistikk. Fra sport til publikum. Doktoravhandling. Aarhus: Danmarks Journalisthøjskole.
  • O’Donnel, Hugh (1994):”Mapping the mythical: A geopolitics of National Sporting Stereotypes”, Discourse and Society vol 5 (3), side 345-380.
  • Helland, Knut (2003): Sport, medier og journalistikk. Med fotballandslaget til EM, Bergen: Fagbokforlaget.
  • Hillesund, Terje (1994): Står det noe nytt? – innføring i analyse av aviser og nyheter, Fredrikstad. Institutt for journalistikk.
  • Hinton, Perry (2000): Stereotypes, cognition, and culture, Hove: Psychology Press.
  • Larsen, Peter og Liv Hausken (red.) (1999): Bind 4: Medier – kultur og samfunn, Bergen: Fagbokforlaget.
  • Meslo, Even Martin (2001): VG og Aftenpostens dekning av EURO 2000. En kvantitativ og kvalitativ innholdsanalyse, Oslo: Norges Idrettshøgskole.
  • Nymark, Johannes (2002): ”Fotball og makt”, Dagbladet, 16.mars.
  • Roksvold, Thore (red.) (1993): Sport i avis – 7 analyser av norsk sportsjournalistikk. Institutt for journalistikk, Fredrikstad.
  • Roksvold, Thore (red.) 1997: Avissjanger over tid – studier i språk og sjanger, Institutt for journalistikk, Fredrikstad.
  • Sandnes, Cathrine (2002): Fotball-VM 2002. Reisen østover, Gjøvik: Gyldendahl norsk forlag.
  • Sneve, Stein (2002): Kommentarsjangeren : den journalistiske kommentarens historie og posisjon i dag, Høgskolen i Bodø.
  • Whannel, Garry (2002): Media Sport Stars. Masculinities and Moralities, London: Routledge.

    AVISER

    • Aftenposten – Morgen: 8.juni, 13.juni, 16.juni, 19.juni, 23.juni, 25. – 27.juni, 1.juli (2002)
    • Bergens Tidende (BT): 8. – 9.juni, 12. – 13.juni, 15. – 16.juni, 20.juni, 22. – 23.juni, 26.juni, 27.juni, 1.juli (2002)
    • Verdens Gang (VG): 8. – 9.juni, 12 – 13. juni, 15. – 16. juni, 20.juni, 22. – 23.juni, 26. – 27.juni, 1.juli (2002)

    INTERNETT: